Jordi søv i sitt vinterlin.
Bjørki den unge, rimkvit og fin,
stend som i sylvet skjòri,
eller som bygd av stjerneskin.
Kvite møyar som gjeng i Ring;
stille sviv dei i sting og sving.
Det er som ein dans i draumar
til takt av stilslegt sylvklokke-kling.
Det er som ein dans i draumar.
Jordi søv i sin vinterblund.
Tusund av diamantar
glimar um grein i den frosne Lund.
Bygde er dei av Lufti blaa;
Kjolar av Maaneflor hev dei paa;
sauma med Stjerneglitter,
løynande lett dei Barmar småå'.
Det er som ein dans i draumar.
Jordi søv i sin vinterblund.
Tusund av diamantar
glimar um grein i den frosne Lund.
Bjørki den unge, rimkvit og fin,
stend som i sylvet skjòri,
eller som bygd av stjerneskin.
Kvite møyar som gjeng i Ring;
stille sviv dei i sting og sving.
Det er som ein dans i draumar
til takt av stilslegt sylvklokke-kling.
Det er som ein dans i draumar.
Jordi søv i sin vinterblund.
Tusund av diamantar
glimar um grein i den frosne Lund.
Bygde er dei av Lufti blaa;
Kjolar av Maaneflor hev dei paa;
sauma med Stjerneglitter,
løynande lett dei Barmar småå'.
Det er som ein dans i draumar.
Jordi søv i sin vinterblund.
Tusund av diamantar
glimar um grein i den frosne Lund.