Vårsong - tekst: Ragnar Hovland \ musikk: Odd Nordstoga
No kjem den f**re våren.
Den kjem så altfor seint.
No går eg opp til Bård'en
og spør kva som er meint
med at vi stadig går med skjerf
og lue her vi går.
Det er jo mildt i lufta
og er det ikkje vår?
Vi slenger allting av oss,
spring ganske lett omkring,
snart blir vi voldsomt sjuke,
men det gjer ingenting.
Då får vi liggje heime
og mase litt på mor.
Og er det fleire av oss,
så masar vi i kor;
"Å, gi oss sjokolade
og kjærlighet på pinne!
Brei dyna godt om kring oss
og klapp oss litt på kinnet!
Fortel ei nifs forteljing
og slepp inn hund og katt!
Så blir vi sikkert friske
og kan gå på skulen att!"
No kjem den f**re våren.
Den kjem så altfor seint.
No går eg opp til Bård'en
og spør kva som er meint
med at vi stadig går med skjerf
og lue her vi går.
Det er jo mildt i lufta
og er det ikkje vår?
Vi slenger allting av oss,
spring ganske lett omkring,
snart blir vi voldsomt sjuke,
men det gjer ingenting.
Då får vi liggje heime
og mase litt på mor.
Og er det fleire av oss,
så masar vi i kor;
"Å, gi oss sjokolade
og kjærlighet på pinne!
Brei dyna godt om kring oss
og klapp oss litt på kinnet!
Fortel ei nifs forteljing
og slepp inn hund og katt!
Så blir vi sikkert friske
og kan gå på skulen att!"