.

Fuglen Lyrics

I dag var der ein fugl her i glaskarmen min att. Sjeldsynt glede: Den
sama gamle fuglen Stod der med sitt gule nebb og nappa sine fjør,
Slik som eg kan hugse at den fuglen har gjort før.
Og han hadde med til meg eit godt råd og eit vink. Godt råd, godt
vink til sama gamle skolten Som timesvis hadde stått i glaset ,
sett ut på ein by, Som om han stod og venta noko nytt ut av ei sky.

Og når Newton under treet fekk eit eple i sin skolt Trur eg nok han
hadde venta lenge nok. Han sat nok der og tenkte litt på det og litt
på det. Så kom det ein fugl, ein fugl som gjor' at eplet det datt ned.
Så set deg ved eit glas eller under eit gamalt tre. Vent til både glas
og tre blir borte. Det er då han kanskje fyk seg bort til deg ein liten
sleng, Og rister ut eitkvart ifrå sin vesle fugleveng.

I dag var det ein song som kom ifrå min vesle ven. Og no skal eg
synge den for deg. Ikkje noko stort noko, men trengs gjer og dei
små tankar som ein ikkje fær før dei blir venta på.
Report lyrics