.

Å eg veit meg eit land Lyrics

Å eg veit meg eit land

langt der oppe mot nord,
med ei lysande strand

mellom høgfjell og fjord.

Der eg gjerne er gjest,

der mitt hjarta er fest

med dei finaste, finaste band.

Å eg minnest, eg minnest

so vel dette land!

Der eit fjell stig mot sky

med si kruna av snø,
og i lauvklædnad ny

det seg speglar i sjø,

og det smiler mot strand

med si bringa i brand

i den solklåre kveld.

Å eg minnest, eg minnest

so vel dette fjell!
Og eg lengtar so tidt

dette landet å sjå,

og det dreg meg so blidt,

når eg langt er ifrå.

Med den vaknande vår

vert min saknad so sår,

so mest gråta eg kan.

Å eg minnest, eg minnest

so vel dette land!
Report lyrics
Kråkeviks songbok (2000)
Om kvelden Den fyrste song Sumarnatta Til ungdommen Danse mi vise Blåmann Å eg veit meg eit land Fola, fola Blakken No livnar det i lundar Ofelias vise Jeg lagde meg så silde Løft ditt hode Den dag kjem aldri No ser eg atter slike fjell og dalar